mandag 29. mars 2010

Gleder


Kva gir ein til nokon som har alt? Dette dilemmaet kom eg i i juletider for ca 2 år sidan. Har ikkje komt på tanken før no å poste dette på bloggen:) Men her kjem min ide til gåve til gode besteforeldre, som har absolutt alt:) Eg gav dei like godt ei boks fyld med gleder ...


Eg tok i bruk ei sætre - pepparkake boks som utgongspunkt for glede skrinet. Sidan eg gjerne vil at skrinet skal vere ei glede i fleire år, såg eg dette som mest naturleg. Eg brukte vanleg mønsterark, som eg festa rundt boksa og på lokket. Glue dots er ei genial oppfinning, som er godt egna til å feste arka med :)


Eg haldt dekoren enkel, med størst
vekt på "gleder"! Rundt lokket hadde
eg eit brunt band som stod i stil med
resten av boksa:)




I boksa har eg laga eit kort per familimedlem. Der forbokstaven er framheva stort på kvart kort.

Bileta eg har brukt, scanna eg inn på data for så å skrive dei ut i passande storleik.




Her kan du sjå nærbilde av to av korta, dei vart ganske sjarmerandes:)


Det er ikkje noko tvil om at eg har kost meg STORT med denne gåva, noko som gav ekstra glede når eg såg kor glade besteforeldra mine blei...

4 kommentarer:

  1. Åhh, den gava va no berre genial :D
    For en fantasi ;)

    SvarSlett
  2. synst den va ganske kosli sjøl ja :) he tenkt litt på å lage ei slik til mej sjøl en gong, ha våre kjekt å ha :)

    SvarSlett
  3. Kjempelurt!Og kjempefin! Og kjempekjekt at du oppdaterte bloggen din :)

    SvarSlett
  4. takk :) ja tenkte at d va på tide no, so kjeme t å kome ut en del no framover:p masse so ligge so ej ikkje he tatt bilde ta å slikt endå.

    SvarSlett