onsdag 25. mars 2009

Resultat frå scrappetreff i Spjelkavika.

Nedanfor kjem bilete frå scrappetreffet, i alt blei det fem sider eg scrappa. Helga var ufatteleg artig og ikkje minst inspirerandes!
UT PÅ TUR

YKSNØYA

FORINGSTID
Denne LO'en skal eg ha i ein album som storesystera mi og sambuaren hennar skal få til den lille prinsessa deira.

mammas lille SKATT
Etter at storesystera mi fekk sjå "STOLT TANTE" LO'en eg laga, ville ho gjerne at eg skulle lage ein liknande av henne og prinsessa deira. Til suttt blei resultatet ganske bra, vil seie meg stolt av denne LO'en. Måten biletet blei framheva av den tyrkise bazzilen synast eg er flott å sjå!

di aller FYRSTE jul
Denne skal eg og ha i albumen til tante jenta. Eg er og ganske stolt av denne, biletet kjem så godt fram med blonderama. I tillegg vil eg seie at den fekk eit litt gamaldags preg som eg likar godt, men ikkje får så godt til når eg vil det. Denne gongen derimot, fekk eg det til.

Tidlegare scrappegleder

Før eg legg inn resultat frå scrappetreffet, vil eg legge inn bileter frå ein album eg scrappa til lisje systera mi når ho blei konfirmert. Er eit år sidan eg scrappa denne, faktisk så byrja eg på den på mitt første scrappetreff i spjelkavika. Det var ein kjekk start på mitt "scrappe-liv", ikkje minst ein stor ideboks å jobbe utifrå. Så om der er nokre sjeler som tenkjer på å byrje med scrapping, men ikkje heilt veit korleis. Eg anbefalar på det sterkaste å bli med på eit scrappetreff, lite som stort, for du får verkeleg mykje gode tips og hjelp som nybyrjar. Takk til Camilla og Lisbet som tok meg med på mitt første scrappetreff, kan ikkje forstå at eg ikkje byrja før! :) Nedanfor kjem bileter frå albumen eg laga til mi lisjesyster Bente. Det er kjekt å kunne vise fram litt av det eg har gjort tidlegare. No har eg sikta nasa mi mot ein album til tante jenta og ein til meg sjølv. Elles kjem der stadig nye prosjekt som eg kjem på. Det er jo alltids nokre kort som eg skal lage. :)

BLEIESKIFT ARBEIDER
Dette var den første sida eg scrappa, med start hjelp frå Lisbet og Camilla fann eg då ut at det slettes ikkje er så vanskeleg som ein skal tru. Det som er vanskeleg er tekst og tittel. Nokre gongar kjem det dettandes nett med ein gong, medan andre gongar er det timesvis med tenking før sida fell på plass. Ein kan sjølvsagt lage andre medan ein tenkjer, men det er ei god kjensle når teksta er ferdig på LO'en. :)


RIKSHOSPITALET


LISJE TAUSA VÅR


GLEDESSPREDEAR


FYRSTE SKULEDAG


FROKOST


FISKAR GLEDE


FAMILIE


DYRELIV


DIVA


BENTE JORUNN


CAMPING TUR

torsdag 19. mars 2009

Scrappetreff i Spjelkavika!!

No er det berre denne natta og nokre timar på jobb i morgon, som skill meg frå scrappetreff i spjelkavika! Dykk kan tru eg gler meg :) 
Vil kome med oppdateringar om søndag når eg kjem heim. Eg håpar på fleire gode papir LO'ar til den tid.

Eg vil og tilføye, at eg kjem til å legge ut bilete av nokre av papir LO'ane eg scrappa til lillesystera mi. Sidan ho skulle stå som konfirmant, tenkte eg at ho måtte få noko spesielt og minnerikt.  

lørdag 14. mars 2009

Stolt Tante



Som eg har nemt tidlegare, har eg altså blitt tante, kva passa vel bedre enn å lage ei side av meg å den lille prinsessa? Likar veldig godt stæsj på LO'ane mine, så ei ekstra stæsje runde er den klar. 
På denne har eg brukt god tid, sidan eg ville vere sikker på at den blei slik eg ville.

Ditt første gode roll



Etter eg blei tante, har det kome mange gode augneblink som er vannvittig kjekke å scrappe. Slik som ovanfor her. Her kan du sjå tante jenta mi etter ho har rulla seg rundt på magen for første gong. Tittel er: "Ditt første gode roll". Teksta under bileta er: "Det skjedde på stove golvet i volda laurdag 21 februar 2009".  Har brukt koplimentær fargane grøn og raud, som du kan sjå i stripene på arket bakgrunnen og i framgrunnen bak bileta.  Oransje og blå er og  brukt av komplimentær fargane, det oransje er i bileta så eg tok blått i tittelen for å framheve dette. 

Hei og velkomen!

Eg er ny i bloggeverden og har bestemt meg for 
å lage ein blogg med alt frå "scrappeverdenen" min.
Her vil etterkvart komme bilete av det eg driv med,
 må  setje meg inn i korleis eg gjer ting først;p

Eg har dreve med scrappbooking i vel eit år no, 
men har laga kort i ca 5 år. Kan ikkje tenkje meg 
noko artigare enn scrapping i ymse variantar! :)