onsdag 31. mars 2010

som takk for eit fantastisk samarbeid, til ei sprudlande, evnerik og proff dame :)

Etter at tida var komen for å seie takk for eit fantastisk kjekt samarbeid med dirigenten vår Nina Vedeld Telseth, fekk eg i oppdrag frå koret å lage ei takkegåve. Eg gjorde det så enkelt som å lage ein LO til ho, med bileter av koret og kjekke mimre bilete av ho. Ynskjer ho lykke til vidare å gler oss over kvar gong våre vegar kryssast:)
Vi kjem til å sakne henne, sidan ho er ei slik energibombe og ein sann gledesspreiar!! :)

Kan forøvrig nemne no at koret har endra navn, dette etter eit samarbeid med songlaget bard. Koret er nytt å heiter CANTANDO, som tyder syngjande - noko vi då er;p

mandag 29. mars 2010

Gleder


Kva gir ein til nokon som har alt? Dette dilemmaet kom eg i i juletider for ca 2 år sidan. Har ikkje komt på tanken før no å poste dette på bloggen:) Men her kjem min ide til gåve til gode besteforeldre, som har absolutt alt:) Eg gav dei like godt ei boks fyld med gleder ...


Eg tok i bruk ei sætre - pepparkake boks som utgongspunkt for glede skrinet. Sidan eg gjerne vil at skrinet skal vere ei glede i fleire år, såg eg dette som mest naturleg. Eg brukte vanleg mønsterark, som eg festa rundt boksa og på lokket. Glue dots er ei genial oppfinning, som er godt egna til å feste arka med :)


Eg haldt dekoren enkel, med størst
vekt på "gleder"! Rundt lokket hadde
eg eit brunt band som stod i stil med
resten av boksa:)




I boksa har eg laga eit kort per familimedlem. Der forbokstaven er framheva stort på kvart kort.

Bileta eg har brukt, scanna eg inn på data for så å skrive dei ut i passande storleik.




Her kan du sjå nærbilde av to av korta, dei vart ganske sjarmerandes:)


Det er ikkje noko tvil om at eg har kost meg STORT med denne gåva, noko som gav ekstra glede når eg såg kor glade besteforeldra mine blei...