tirsdag 11. mai 2010

TFT - kort :)

Atter ein tur gjekk innom www.bodilsscrappeverden.blogspot.com.. Der kom eg over noko ho kalte TFT. http://bodilsscrappeverden.blogspot.com/search/label/TFT%20trinn%20for%20trinn .. Har prøvd meg på nederst kort på overliggande link. Eit arti kort som har utallige moglegheiter rundt seg.. Eg gler meg til å lage fleire :) kos dykk verkeleg med desse :)






endå eit nytt kort for meg :)

Denne vrien fekk eg frå Veronika Hennøen, ei venninde med ekte scrappedille!! :D Ho er ein kløppar på å teste nye kort, noko som gjev meg og lyst til å teste. Så eg prøvde meg på nokre slike som desse :)






kort kurs













Var nyleg med på kort kurs på Brio i Ørsta, der fekk vi lære to kort. Det første var trekkspelkort, som eg skal vise bilete av her :)
Det andre kortet vi laga, skal kome seinare.. Dette er eg ikkje heilt ferdig meg endå..

Trekkspel kortet er eit kjempe kjekt kort å lage, tidkrevande - men veldig moro :)
Har teke bilete av nokre av dei eg har laga, kjem kanskje eit par bilete til av nokre andre trekkspel kort eg har laga..

kort til besta..





Dette kortet laga eg til Besta som hadde bursdag <3>SKAL bli dyktigare med å hugse på å ta bilete av alt eg scrappar... Eg angrar på mange ting som ikkje har blitt fotografert.. Det SKAL endre seg no :) Gode minner å ha :) Ikkje berre skal dei tinga eg scrappar bli foreviga som bilete, men alt eg gjer og er med på.. Alle rundt meg skal bli foreviga <3

torsdag 1. april 2010

Konfirmant kort

Etter at eg heiv meg på www.bodilsscrappeverden.blogspot.com sine fantastiske konvoluttkort, har det blitt mange av desse.. Nokre av dei er desse konfirmant korta:) Takk til deg Anne Bodil for fantastiske skisser, kor du kjem på alt forstår ikkje eg:)

For å ha noko å skrive helsing på, laga eg eit rektangulert ark til og ha i korta. På dett arket skreiv eg eit dikt av Jorun Larsen: "Eit steg du har tatt mot den vaksne verda, vi ynskjer til lukke på framtidsferda. Må lukke deg fylgje kvar dag som går, må livet ditt bli som ein blomstrand vår..."
Våren stod i gjerde, både i dekor og papir... Ikkje berre var det ein hyllast til våren, men ei påminning til konfirmantane.. Eg brukte stempelet med teksta "en hilsen til deg-fordi du er den du er" - noko som er viktig å hugse på. Ta vare på den du er, fordi det er derfor folk held deg kjær :)

På dekoren har eg brukt bregne greiner som eg kjøpte på nille og blomane har eg kjøpt på europris. Begge deler skullw eigentleg brukast som dekor i vasar og på bord, men eg tok like grett i frå kvarndre bregna å brukte den på kort og i Lo'ar. Same med blomen som hadde ein lang stilk, men den kutta eg av og brukte den på kort og i Lo'ar. Ein kan bruke det mest fantastiske til dekor, det er kun fantasien som sett grenser ;)

onsdag 31. mars 2010

som takk for eit fantastisk samarbeid, til ei sprudlande, evnerik og proff dame :)

Etter at tida var komen for å seie takk for eit fantastisk kjekt samarbeid med dirigenten vår Nina Vedeld Telseth, fekk eg i oppdrag frå koret å lage ei takkegåve. Eg gjorde det så enkelt som å lage ein LO til ho, med bileter av koret og kjekke mimre bilete av ho. Ynskjer ho lykke til vidare å gler oss over kvar gong våre vegar kryssast:)
Vi kjem til å sakne henne, sidan ho er ei slik energibombe og ein sann gledesspreiar!! :)

Kan forøvrig nemne no at koret har endra navn, dette etter eit samarbeid med songlaget bard. Koret er nytt å heiter CANTANDO, som tyder syngjande - noko vi då er;p

mandag 29. mars 2010

Gleder


Kva gir ein til nokon som har alt? Dette dilemmaet kom eg i i juletider for ca 2 år sidan. Har ikkje komt på tanken før no å poste dette på bloggen:) Men her kjem min ide til gåve til gode besteforeldre, som har absolutt alt:) Eg gav dei like godt ei boks fyld med gleder ...


Eg tok i bruk ei sætre - pepparkake boks som utgongspunkt for glede skrinet. Sidan eg gjerne vil at skrinet skal vere ei glede i fleire år, såg eg dette som mest naturleg. Eg brukte vanleg mønsterark, som eg festa rundt boksa og på lokket. Glue dots er ei genial oppfinning, som er godt egna til å feste arka med :)


Eg haldt dekoren enkel, med størst
vekt på "gleder"! Rundt lokket hadde
eg eit brunt band som stod i stil med
resten av boksa:)




I boksa har eg laga eit kort per familimedlem. Der forbokstaven er framheva stort på kvart kort.

Bileta eg har brukt, scanna eg inn på data for så å skrive dei ut i passande storleik.




Her kan du sjå nærbilde av to av korta, dei vart ganske sjarmerandes:)


Det er ikkje noko tvil om at eg har kost meg STORT med denne gåva, noko som gav ekstra glede når eg såg kor glade besteforeldra mine blei...