torsdag 1. april 2010

Konfirmant kort

Etter at eg heiv meg på www.bodilsscrappeverden.blogspot.com sine fantastiske konvoluttkort, har det blitt mange av desse.. Nokre av dei er desse konfirmant korta:) Takk til deg Anne Bodil for fantastiske skisser, kor du kjem på alt forstår ikkje eg:)

For å ha noko å skrive helsing på, laga eg eit rektangulert ark til og ha i korta. På dett arket skreiv eg eit dikt av Jorun Larsen: "Eit steg du har tatt mot den vaksne verda, vi ynskjer til lukke på framtidsferda. Må lukke deg fylgje kvar dag som går, må livet ditt bli som ein blomstrand vår..."
Våren stod i gjerde, både i dekor og papir... Ikkje berre var det ein hyllast til våren, men ei påminning til konfirmantane.. Eg brukte stempelet med teksta "en hilsen til deg-fordi du er den du er" - noko som er viktig å hugse på. Ta vare på den du er, fordi det er derfor folk held deg kjær :)

På dekoren har eg brukt bregne greiner som eg kjøpte på nille og blomane har eg kjøpt på europris. Begge deler skullw eigentleg brukast som dekor i vasar og på bord, men eg tok like grett i frå kvarndre bregna å brukte den på kort og i Lo'ar. Same med blomen som hadde ein lang stilk, men den kutta eg av og brukte den på kort og i Lo'ar. Ein kan bruke det mest fantastiske til dekor, det er kun fantasien som sett grenser ;)

onsdag 31. mars 2010

som takk for eit fantastisk samarbeid, til ei sprudlande, evnerik og proff dame :)

Etter at tida var komen for å seie takk for eit fantastisk kjekt samarbeid med dirigenten vår Nina Vedeld Telseth, fekk eg i oppdrag frå koret å lage ei takkegåve. Eg gjorde det så enkelt som å lage ein LO til ho, med bileter av koret og kjekke mimre bilete av ho. Ynskjer ho lykke til vidare å gler oss over kvar gong våre vegar kryssast:)
Vi kjem til å sakne henne, sidan ho er ei slik energibombe og ein sann gledesspreiar!! :)

Kan forøvrig nemne no at koret har endra navn, dette etter eit samarbeid med songlaget bard. Koret er nytt å heiter CANTANDO, som tyder syngjande - noko vi då er;p

mandag 29. mars 2010

Gleder


Kva gir ein til nokon som har alt? Dette dilemmaet kom eg i i juletider for ca 2 år sidan. Har ikkje komt på tanken før no å poste dette på bloggen:) Men her kjem min ide til gåve til gode besteforeldre, som har absolutt alt:) Eg gav dei like godt ei boks fyld med gleder ...


Eg tok i bruk ei sætre - pepparkake boks som utgongspunkt for glede skrinet. Sidan eg gjerne vil at skrinet skal vere ei glede i fleire år, såg eg dette som mest naturleg. Eg brukte vanleg mønsterark, som eg festa rundt boksa og på lokket. Glue dots er ei genial oppfinning, som er godt egna til å feste arka med :)


Eg haldt dekoren enkel, med størst
vekt på "gleder"! Rundt lokket hadde
eg eit brunt band som stod i stil med
resten av boksa:)




I boksa har eg laga eit kort per familimedlem. Der forbokstaven er framheva stort på kvart kort.

Bileta eg har brukt, scanna eg inn på data for så å skrive dei ut i passande storleik.




Her kan du sjå nærbilde av to av korta, dei vart ganske sjarmerandes:)


Det er ikkje noko tvil om at eg har kost meg STORT med denne gåva, noko som gav ekstra glede når eg såg kor glade besteforeldra mine blei...

lørdag 7. november 2009

Det ein kan kalle ein treig ost...

Plutseleg fyk dagane av garde og eg kom på at bloggen min har ikkje fått mykje merksemd av med dei siste månadane.. Det kan ikkje fortsette slik, so no skal det kome ut nye bilete av mitt scrappe galne liv:p

Har nettopp vært på scrappetreff i spjelkavika, så ideane er mange:) Prøvar ut nye kort og scrappar nye LO'ar. Håpar på å få laga til bloggen skikkeleg, så den ser litt fancy ut :p Er ikkje ein meister på akkurat den biten har eg funne ut.

Bedre seint enn aldri, er ikkje det det dei seier? ;)

onsdag 24. juni 2009

Bursdag å kos!

I dag he ej bursdag, å e i foll gong me å¨"dokumetere" dage:p Skal bli monge kjekke side!! :) Alle e so hærli å gode, kan ikkje tenke mej nåke beire dag:) <3

Å drømmen om symaskin he då godt i oppfylling, i mårga den dag skal ej innover å kjøpe den for pengane ej he fått me mamma å pappa og beste å besten <3

Takk til alle i familia å venna for en kjempe flotte dag hitiil å for alle fine gavene:) <3

onsdag 25. mars 2009

Resultat frå scrappetreff i Spjelkavika.

Nedanfor kjem bilete frå scrappetreffet, i alt blei det fem sider eg scrappa. Helga var ufatteleg artig og ikkje minst inspirerandes!
UT PÅ TUR

YKSNØYA

FORINGSTID
Denne LO'en skal eg ha i ein album som storesystera mi og sambuaren hennar skal få til den lille prinsessa deira.

mammas lille SKATT
Etter at storesystera mi fekk sjå "STOLT TANTE" LO'en eg laga, ville ho gjerne at eg skulle lage ein liknande av henne og prinsessa deira. Til suttt blei resultatet ganske bra, vil seie meg stolt av denne LO'en. Måten biletet blei framheva av den tyrkise bazzilen synast eg er flott å sjå!

di aller FYRSTE jul
Denne skal eg og ha i albumen til tante jenta. Eg er og ganske stolt av denne, biletet kjem så godt fram med blonderama. I tillegg vil eg seie at den fekk eit litt gamaldags preg som eg likar godt, men ikkje får så godt til når eg vil det. Denne gongen derimot, fekk eg det til.

Tidlegare scrappegleder

Før eg legg inn resultat frå scrappetreffet, vil eg legge inn bileter frå ein album eg scrappa til lisje systera mi når ho blei konfirmert. Er eit år sidan eg scrappa denne, faktisk så byrja eg på den på mitt første scrappetreff i spjelkavika. Det var ein kjekk start på mitt "scrappe-liv", ikkje minst ein stor ideboks å jobbe utifrå. Så om der er nokre sjeler som tenkjer på å byrje med scrapping, men ikkje heilt veit korleis. Eg anbefalar på det sterkaste å bli med på eit scrappetreff, lite som stort, for du får verkeleg mykje gode tips og hjelp som nybyrjar. Takk til Camilla og Lisbet som tok meg med på mitt første scrappetreff, kan ikkje forstå at eg ikkje byrja før! :) Nedanfor kjem bileter frå albumen eg laga til mi lisjesyster Bente. Det er kjekt å kunne vise fram litt av det eg har gjort tidlegare. No har eg sikta nasa mi mot ein album til tante jenta og ein til meg sjølv. Elles kjem der stadig nye prosjekt som eg kjem på. Det er jo alltids nokre kort som eg skal lage. :)

BLEIESKIFT ARBEIDER
Dette var den første sida eg scrappa, med start hjelp frå Lisbet og Camilla fann eg då ut at det slettes ikkje er så vanskeleg som ein skal tru. Det som er vanskeleg er tekst og tittel. Nokre gongar kjem det dettandes nett med ein gong, medan andre gongar er det timesvis med tenking før sida fell på plass. Ein kan sjølvsagt lage andre medan ein tenkjer, men det er ei god kjensle når teksta er ferdig på LO'en. :)


RIKSHOSPITALET


LISJE TAUSA VÅR


GLEDESSPREDEAR


FYRSTE SKULEDAG


FROKOST


FISKAR GLEDE


FAMILIE


DYRELIV


DIVA


BENTE JORUNN


CAMPING TUR