tirsdag 11. mai 2010
TFT - kort :)
Atter ein tur gjekk innom www.bodilsscrappeverden.blogspot.com.. Der kom eg over noko ho kalte TFT. http://bodilsscrappeverden.blogspot.com/search/label/TFT%20trinn%20for%20trinn .. Har prøvd meg på nederst kort på overliggande link. Eit arti kort som har utallige moglegheiter rundt seg.. Eg gler meg til å lage fleire :) kos dykk verkeleg med desse :)






endå eit nytt kort for meg :)
kort kurs
Var nyleg med på kort kurs på Brio i Ørsta, der fekk vi lære to kort. Det første var trekkspelkort, som eg skal vise bilete av her :)
Det andre kortet vi laga, skal kome seinare.. Dette er eg ikkje heilt ferdig meg endå..
Trekkspel kortet er eit kjempe kjekt kort å lage, tidkrevande - men veldig moro :)
Har teke bilete av nokre av dei eg har laga, kjem kanskje eit par bilete til av nokre andre trekkspel kort eg har laga..
kort til besta..
Dette kortet laga eg til Besta som hadde bursdag <3>SKAL bli dyktigare med å hugse på å ta bilete av alt eg scrappar... Eg angrar på mange ting som ikkje har blitt fotografert.. Det SKAL endre seg no :) Gode minner å ha :) Ikkje berre skal dei tinga eg scrappar bli foreviga som bilete, men alt eg gjer og er med på.. Alle rundt meg skal bli foreviga <3
torsdag 1. april 2010
Konfirmant kort
onsdag 31. mars 2010
som takk for eit fantastisk samarbeid, til ei sprudlande, evnerik og proff dame :)
Etter at tida var komen for å seie takk for eit fantastisk kjekt samarbeid med dirigenten vår Nina Vedeld Telseth, fekk eg i oppdrag frå koret å lage ei takkegåve. Eg gjorde det så enkelt som å lage ein LO til ho, med bileter av koret og kjekke mimre bilete av ho. Ynskjer ho lykke til vidare å gler oss over kvar gong våre vegar kryssast:)
Vi kjem til å sakne henne, sidan ho er ei slik energibombe og ein sann gledesspreiar!! :)
mandag 29. mars 2010
Gleder
Kva gir ein til nokon som har alt? Dette dilemmaet kom eg i i juletider for ca 2 år sidan. Har ikkje komt på tanken før no å poste dette på bloggen:) Men her kjem min ide til gåve til gode besteforeldre, som har absolutt alt:) Eg gav dei like godt ei boks fyld med gleder ...
Eg tok i bruk ei sætre - pepparkake boks som utgongspunkt for glede skrinet. Sidan eg gjerne vil at skrinet skal vere ei glede i fleire år, såg eg dette som mest naturleg. Eg brukte vanleg mønsterark, som eg festa rundt boksa og på lokket. Glue dots er ei genial oppfinning, som er godt egna til å feste arka med :)
Eg haldt dekoren enkel, med størst
vekt på "gleder"! Rundt lokket hadde
eg eit brunt band som stod i stil med
resten av boksa:)
I boksa har eg laga eit kort per familimedlem. Der forbokstaven er framheva stort på kvart kort.
Bileta eg har brukt, scanna eg inn på data for så å skrive dei ut i passande storleik.
Her kan du sjå nærbilde av to av korta, dei vart ganske sjarmerandes:)
Det er ikkje noko tvil om at eg har kost meg STORT med denne gåva, noko som gav ekstra glede når eg såg kor glade besteforeldra mine blei...
Abonner på:
Innlegg (Atom)