onsdag 25. mars 2009

Tidlegare scrappegleder

Før eg legg inn resultat frå scrappetreffet, vil eg legge inn bileter frå ein album eg scrappa til lisje systera mi når ho blei konfirmert. Er eit år sidan eg scrappa denne, faktisk så byrja eg på den på mitt første scrappetreff i spjelkavika. Det var ein kjekk start på mitt "scrappe-liv", ikkje minst ein stor ideboks å jobbe utifrå. Så om der er nokre sjeler som tenkjer på å byrje med scrapping, men ikkje heilt veit korleis. Eg anbefalar på det sterkaste å bli med på eit scrappetreff, lite som stort, for du får verkeleg mykje gode tips og hjelp som nybyrjar. Takk til Camilla og Lisbet som tok meg med på mitt første scrappetreff, kan ikkje forstå at eg ikkje byrja før! :) Nedanfor kjem bileter frå albumen eg laga til mi lisjesyster Bente. Det er kjekt å kunne vise fram litt av det eg har gjort tidlegare. No har eg sikta nasa mi mot ein album til tante jenta og ein til meg sjølv. Elles kjem der stadig nye prosjekt som eg kjem på. Det er jo alltids nokre kort som eg skal lage. :)

BLEIESKIFT ARBEIDER
Dette var den første sida eg scrappa, med start hjelp frå Lisbet og Camilla fann eg då ut at det slettes ikkje er så vanskeleg som ein skal tru. Det som er vanskeleg er tekst og tittel. Nokre gongar kjem det dettandes nett med ein gong, medan andre gongar er det timesvis med tenking før sida fell på plass. Ein kan sjølvsagt lage andre medan ein tenkjer, men det er ei god kjensle når teksta er ferdig på LO'en. :)


RIKSHOSPITALET


LISJE TAUSA VÅR


GLEDESSPREDEAR


FYRSTE SKULEDAG


FROKOST


FISKAR GLEDE


FAMILIE


DYRELIV


DIVA


BENTE JORUNN


CAMPING TUR

2 kommentarer: